Sommarlesfest 25. august kl. 18:00

Om dette arrangementet

Tid
18:00 - 19:00
Pris
Gratis
Bibliotek
Målgruppe

Sommarlesfest

Torsdag 25. august kl. 18:00 blir det SOMMARLESFEST på Stord folkebibliotek!

Dette markerer avslutninga på Sommarles og i år er me så superheldige å få besøk av sjølvaste Sommarlesforfattaren Mari Moen Holsve!
I tillegg blir det utdeling av is og trekking av ekstrapremiar.

Me håpar flest mogleg har høve til å komma! Som de ser, tjuvstartar me festen fordi Mari er i Sunnhordlandsområdet og me får besøk av ho sjølv om Sommarles varer heilt til 31. august.

Sommarlesfesten er heilt gratis, og alle er hjartelege velkomne!