Forfattarkveld med Sigri Sandberg og Siri Helle

Forfattarkveld med Sigri Sandberg og Siri Helle

Arrangement

Berekraftvekene 2020

Dato / tid
15.01.2020, 19:00 - 21:00


Forfattar, journalist og agronom Siri Helle kjem for å snakka om berekraftig mat og landbruk, medan Sigri Sandberg vil snakka om den kritikarroste boka si «Mørke. Stjerner, redsel og fem netter på Finse».

Som ein avslutning av Samtidsdagane på Høgskulen på Vestlandet – og som ein start på Berekraftvekene 2020 – kjem dei to kritikarrosa forfattarane Siri Helle og og Sigri Sandberg til Stord folkebibliotek onsdag 15. januar klokka 19-21.

Berekraftig mat og landbruk: Kva kan me som forbrukarar gjera for å handla rett?

Siri Helle er utdanna agronom i økologisk landbruk frå Sogn jord- og hagebruksskule. Ho er kjent som skribent og journalist i Dag og Tid, og jobbar òg tidvis som snikkarassistent og geitebudeie. Ho har gjeve ut bøkene Matmakt på butikken og Handle rett – lure val i ein matbransje full av juks.

«Mørke. Stjerner, redsel og fem netter på Finse»

Sigri Sandberg er journalist og har arbeidd for sentrale norske aviser i over 20 år. Ho har budd mange år på Svalbard og skrive ti bøker – om natur, friluftsliv, klima og polare strok. I fjor vinter kom ho med boka «Mørke. Stjerner, redsel og fem netter på Finse» som hausta strålande kritikkar. Sandberg skriv om kva som skjer i kroppen når det blir natt. Ho fortel om søvn, stjerner, svarte hol, nordlys og mørketid, men også om himmellover og den globale kampen for nattehimmelen. Har mørket blitt ein avgrensa ressurs?

 

Inngangspengar: 50 kroner

 

Arrangørar: Berekraftvekene på Stord, Samtidsdagane/HVL, Naturvernforbundet på Stord, Lønning Lutlandbruk, Framtida.no og Stord folkebibliotek.