Bokbad med Solfrid Sivertsen

Bokbad med Solfrid Sivertsen

Arrangement

Dato / tid
06.11.2018, 19:00 - 20:00


Stord og Falturiltu inviterer til bokbad med Solfrid Sivertsen som nyleg gav ut Ho sykla bort og andre noveller. Samtalen blir leia av biblioteksjef Astrid Drevland frå Bømlo bibliotek.

Bill. 100,-

Kjøp billett her: https://stord.kulturhus.no/program-og-billettar/bokbad-med-solfrid-sivertsen/

 

(f. 1947) debuterte i 1986 med novellesamlinga Porselensfiguren. Ho har også skrive romanar, dikt og bøker for barn. I 1994 fekk ho Nynorsk litteraturpris for romanen Grøn koffert. I 2006 markerte Sivertsen sitt 20-årsjubileum som forfattar med å gi ut novellesamlinga Små, små løgner – ei samling stramme og stringente noveller som både er sanselege og nære, samtidig som dei har eit sjenerøst dryss av fine, små detaljar. I 2008 kom romanen Eit plutseleg mørke der Sivertsen igjen viser at ho meistrar å kombinere stillfarande realisme med sterk dramatikk. I 2010 vann Solfrid Sivertsen 1.-pris i forlaget Margboks romankonkurranse med romanen Før klokka fire. I juryens grunngiving heitte det m.a. at Sivertsen er «ei tøtte som står fjellstøtt i vårt litterære landskap».

Bokmelding av «Ho sykla bort og andre noveller».

«Solfrid Sivertsen har noen helt unike grep for å beskrive tomrom i møter og avskjeder, og klarer med få ord å beskrive komplekse, mettede scener og situasjoner – slik at leseren for hver novelle sitter igjen med en ubekvem følelse av å ha lært noe nytt.»

 

Bjørn Gabrielsen, Dagens Næringsliv