Festkveld med Fløgstad, Fliflet og Gujord

Festkveld med Fløgstad, Fliflet og Gujord

Arrangement

Dato / tid
01.10.2019, 19:00 - 20:30


Tysdag 1. oktober kl. 19.00 kjem Kjartan Fløgstad, Gabriel Fliflet og Heming Gujord  til Stord folkebibliotek. Det er fritt tilgjenge til dette arrangementet.

Kjartan Fløgstad har kome ut med over 50 bøker sidan han debuterte i 1968. Ny av året er boka Due og drone, og den vert presentert på arrangementet

Fløgstad fekk Nordisk råds litteraturpris for boka Dalen Portland i 1978.

Heming Gujord er Fløgstad-ekspert og litteraturforskar. Han vil samtale med Fløgstad.

Men kvelden byr på meir enn det, i boka Sandharpesongar, har Kjartan Fløgstad samla songtekstane sine med notar og besifring. Gabriel Fliflet er ein av komponistane som har set vakre melodiar til desse dikta. Mange kjenner Fliflet fra samarbeidet med perkusjonist Ole Hamre i duoen Fliflet/Hamre. Han har tidlegare samarbeidd med fleire forfattarar, til dømes Jon Fosse, Per Olav Kaldestad, Ragnar Hovland og Einar Økland. Fløgstad og Fliflet vil både syngje og fortelje om songane i boka.
Sist men ikkje minst får vi møte litteraturforskaren og Fløgstad-ekspert Heming H. Gujord. I 2018 gav han ut boka Fløgstad verk, som er den mest omfattande analysen som er gjort av forfattarskapet til Fløgstad. Få, om nokon, her til lands har like god oversikt over forfattarskapet til Fløgstad som Gujord. Han vil presentere boka si, og samtale med Fløgstad.

Forfattarmøtet er ein del av markeringa av Bokåret 2019, og er arrangert i samarbeid med Hordaland fylkeskommune.