Frå Klondyke til katastrofe -Stad:  Sunnhordland museum

Frå Klondyke til katastrofe -Stad: Sunnhordland museum

Arrangement

Velkomne til ein ny temakveld om fiskeri- og industrihistorie på Sunnhordland museum!

Dato / tid
11.10.2018, 18:30 - 20:00


Denne gongen kjem Brynjar Stautland og viser TV-filmen han laga i 2001, «Det salte sølvet», og fortel frå boka si om same emnet, «Frå klondyke til katastrofe», 2002.  Kaffimat og drøs kjem i tillegg!

Med støtte frå m.a. Vestnorsk Filmsenter og Fiskeridirektoratet, gjennomførte Brynjar Stautland eit filmprosjekt om vestlandsk sildefiske ved Island frå 1870-åra og fram til totalforbodet kom i 1970. Filmen «DET SALTE SØLVET» blei vist på NRK TV i 2001.  Året etter kom boka «FRÅ KLONDYKE TIL KATATROFE: Vestlandsk sildefiske på Island» ut på Samlaget, basert på det same innsamla materialet.

Les meir:

Boka fortel om ein av dei viktigaste epokane nokon gong på vestlandskysten, frå Ålesund til Haugesund, og formidlar såleis nær og viktig lokalhistorie. Landnotfiske etter sild skapte på 1800-talet den første gullalderen i norsk samfunnsutvikling. I 1870-åra kom ikkje silda lenger til land, men rykta byrja å gå om enorme sildestimar ved Island sommarstid, og dei norske fiskarane valfarta dit. Sildefiske var ein kamp om enorme verdiar. Det er ei historie om dristigheit og vågemot, men òg om ei teknologisk utvikling som gjekk langt raskare enn tilegninga av kunnskap om forsvarleg utnytting av denne enorme matressursen. Eventyret enda med ein økologisk katastrofe i 1970.

Arrangørar: Sunnhordland museum og Stord folkebibliotek

Bill.: 150,-