Håp når livet raknar – kvinners historier frå Syria og Irak

Håp når livet raknar – kvinners historier frå Syria og Irak

Arrangement

Føredrag med forfattar, Journalist og redaktør i Dagen, Kari Fure:

Dato / tid
17.10.2019, 19:00 - 20:30


Når vi høyrer og ser skildringar og reportasjar frå krigsområde er det gjerne sjølve krigen som vert skildra: Flyåttak, bombing, stridsvogner, utbomba byar; det er dei «harde fakta», der gjerne mennen er i sentrum for hendingane. Men bak alt dette er det òg ein annan røyndom: Striden for det daglege brødet, trugsmåla, angst for lagnaden til borna, mishandling, valdtekt…, og dette er gjerne kvinnene si livsverd.

Denne verda er det Kari Fure har gjort fleire djupdykk i, som journalist på reiser i Midt-Austen. Gjennom samtalar og gjennom å dela kvardagshendingar med kvinner i desse samfunna har ho fått   fyrstehandskjennskap til verda bakom krigsreportasjane. Her er livstilhøve som er vanskelege å forestilla seg, men samstundes forteljingar om håp og om streif av lys i ein vanskeleg kvardag.

Kari Fure har møtt kvinner frå ulike etnisitetar og religiøse og sosiale lag. Ho er 52 år, gift, har fire søner og to barnebarn, journalist, redaktør i «Dagen» siste 9 år.

Ho har hatt mange reiser til Libanon, Syria og Irak, og har skrive talrike avis-reportasjar frå desse konfliktfylte områda. I 2015 gav ho ut boka «Flukten fra Syria og Irak». Der fortel ho mellom anna om store kristne minoritetssamfunn som har ei historie heilt tilbake til dei første hundreåra etter Kristus, men som no vert truga av utrydding. I 2018 kom boka «Krigens døtre» ut, der krigen vert skildra ut frå kvinneperspektivet.

Kari Fure kjenner både dei store linjene i historie og politikk, men har i tillegg mange opplevingar, personlege kontaktar og vener som gjer at skildringane hennar gjer sterkt inntrykk.

 

Stad: Stord folkebibliotek

Dato: torsdag 17.10.19

Tid: 19.00                                                        
Bill.: 100

Arr.:

Kyrkjeakademiet

Stord folkebibliotek