Historie og krim med Lahlum

Historie og krim med Lahlum

Arrangement

Dato / tid
07.11.2019, 18:00 - 19:00


Hans Olav Lahlum er krimforfattar og historikar. Som historikar har Lahlum primært konsentrert seg om politikk med biografiar om norske politikarar som Oscar Torp og Haakon Lie. I tillegg har han skrive om amerikanske presidentar og britiske statsministrar. Som krimforfattar er han kjent for dei 9 bøkene om detektivparet «K2» og Patricia.

På dette todelte arrangementet får ein høve til å bli kjent med både krimforfattaren og historikaren Lahlum.

Hausten 2019 kjem han med ny biografi om Reiulf Steen, den tidlegare partiformannen i Arbeidarpartiet. Steen var i mange år med på å prege norsk politikk og samfunnsdebatt. Lahlum skal her presentere boka si om Steen.

Samstundes som Lahlum kjem med ny biografi, kjem han med ny spaningsroman. Lahlum vil på den andre delen av arrangementet presentere denne nye spaningsromanen.

Dette todelte føredraget varer ca. 1 time, med ca. 30 minutts presentasjon av kvar bok.

Forfattarmøtet er ein del av markeringa av Bokåret 2019, og er arrangert i samarbeid med Hordaland fylkeskommune.