Kristne og humanistiske verdiar – kva meiner vi eigentleg med det?

Kristne og humanistiske verdiar – kva meiner vi eigentleg med det?

Arrangement

May Bente Matre, DnK, og Christian Lomsdalen, HeF

Dato / tid
10.03.2020, 19:00 - 20:30


 

«Kristne og humanistiske verdiar – kva meiner vi eigentleg med det?»

Ein sivilisert samtale mellom ein kristen og ein humanetikar

I paragraf 2 i Grunnlova vår heiter det: «Verdigrunnlaget skal framleis vere den kristne og humanistiske arven vår. Denne grunnlova skal tryggje demokratiet, rettsstaten og menneskerettane».

Denne og liknande tekstar er òg skrivne inn i mange andre lover og forskrifter, i føremålet for mange organisasjonar, politiske rørsler m.v. Men tenkjer vi gjennom kva som gøymer seg i slike formuleringar, eller er det berre blitt talemåtar som vi ytrar «på autopilot»? Eller har uttrykket oppstått som eit «kompromiss» mellom kristne og humanetikarar? Spørsmåla kan vera så mange!

I alle høve har humanetikarar og kristne ofte vore som hund og katt. Dette vert ikkje minst avspegla i lesarbrevspaltene i avisene, der «sterkttruande» i begge leirar slår kvarandre i hovudet med bibelvers og naturvitskap. Debattane har mange gonger framstått som korkje spesielt kristne eller humanistiske.

Men svært mange er lite tilfredse med denne tilstanden, og ynskjer å trengja gjennom til kvarandres oppfatningar og verdisyn.

Vi har difor utfordra to menneske som står i to ulike livssynstradisjonar om å samtala om dette, men som har det til felles at dei er udogmatiske, opne og forvitne på andre sine oppfatningar.

May Bente Matre er nytilsett dialogprest i Kirkelig Dialogsenter Bergen. Det er eit ressurs- og kompetansesenter for kyrkjelydar, organisasjonar, skular og andre som er interessert i ein folkelig basert trus- og livssynsdialog. Saman med Human-Etisk forbund og andre er dei aktive i Samarbeidsrådet for tros- og livssyn (STL).

Christian Lomsdalen er lektor ved Akademiet Videregående Skole i Bergen. Han er aktiv i Human-Etisk forbund i Bergen, der han m.a. er konfirmasjonsrettleiar.

 

Møtet er eit samarbeid mellom Stord kyrkjeakademi og Stord folkebibliotek

Inngongspengar: 100 kroner inkl. kaffi og ei enkel servering.

Det vert òg invitert til spørsmål og ordskifte