Kan single bananar gjere deg til ein medveten forbrukar?

Kan single bananar gjere deg til ein medveten forbrukar?

Arrangement

Korleis kan små og store tiltak i kvardagen føre til gode endringar i vårt forhold til matsvinn? Føredrag ved Mette Nygård Havre måndag 11. februar kl. 19 på Stord folkebibliotek.

Dato / tid
11.02.2019, 19:00 - 21:15


Mette Nygård Havre har djupnekunnskap om avfall og forbruk. Ho leier folkerørsla «Spis opp maten» og selskapet Grønne verdier, og har sett seg som mål å gjere heile Norge til matreddarar. Mette har fått masse merksemd etter at ho fekk matindustrien til å endre datomerkinga frå «Best før» til «Best før, men ikke dårlig etter». Målet er at betre informasjon ut til forbrukarane skal føre til positiv endring og reduksjon av matsvinn.

No kjem Mette på turne til biblioteka i Hordaland. Ho vil motivere alle til å bli meir medvetne forbrukarar. Hovudfokus i føredraget blir på matsvinn og plast, men som Mette seier: «Vi må få økt bevissthet rundt alle avfallstypene om vi skal klare å redusere dem». Ho vil derfor vise korleis små og store tiltak i kvardagen kan føre til gode endringar. Ho vil og kome inn på det store bildet og vise korleis våre eigne handlingar kan vere viktige for det globale klima.

Mette gjev ut boka «Matredderen» på nyåret 2019. Ho er engasjert i debattar på radio om miljø og matsvinn. Ho skriv kronikkar og har over 55 000 følgjarar i sosiale media. Ho har vunne fleire prisar for sitt miljøengasjement, mellom anna Hordaland Fylkeskommune sin miljøpris i 2018.
Det er lagt opp til spørsmål og samtale etter føredraget.