Korleis kan vi ta Bibelen alvorleg når vi ikkje tek han bokstavleg?

Korleis kan vi ta Bibelen alvorleg når vi ikkje tek han bokstavleg?

Arrangement

Professor Notto R. Thelle, Universitetet i Oslo:

Dato / tid
22.11.2018, 19:00 - 20:30


Torsdag 22. november kl. 19.00 på Stord Folkebibliotek, Kulturhuset på Stord

Bibelen er ei bok som alltid har forundra og vekt reaksjonar av så mange slag.

Bibelen er levande ord som gjev næring til kristentrua, og som ber gjennom kvardagen. Men mange har lese og høyrt tekstane så ofte at dei har mist krafta si; dei overraskar eller forundrar ikkje lenger. Nokon opplever at gudsbileta og forestillingane i Bibelen vert så vanskelege at det går på trua laus.

For andre er Bibelen berre ei bok som kanskje står i hylla, men er utan relevans for kvardagen. Kanskje er det på tide å lesa Bibelen med friske augo, og oppdaga på ny kor sterke og vakre dei er, dei forteljingane som har forma kulturen vår og trua vår.

Historia viser oss kor avhengige vi er av dei brillene vi les tekstane med – frå ei bokstavtru og fundamentalistisk lesing som legg vekt på Bibelen er utan feil, til ei friare og meir liberal tolking. I foredraget sitt vil Thelle dela tankane sine om ulike måtar å lesa på, og spørja korleis vi kan lesa Bibelen med friske augo. Han står sjølv for ei metaforisk og historisk lesing av Bibelen, og minner om at bokstavtrua er eit «moderne» fenomen.

 

Dei store orda om æve, nåde, frelse, tru, forsoning, rettferd, det heilage, himmel og helvete krev varsemd når vi skal forsøkja å forstå kva som ligg bak orda. Har vi, og kva har vi forstått? Har vi gløymt kva orda ein gong tydde, og heller tilpassa dei vår eiga tid og våre eigne behov, slik at dei ikkje lenger er så store?

Notto R. Thelle er seniorprofessor ved Det teologiske fakultet i Oslo. Tidlegare har han vore misjonsprest i Japan. Hovudengasjementet hans har vore forsking, dialog og ettertanke i grenselandet mellom kristen tru, Austens religionar og moderne spiritualitet. Han har skrive ei rekkje bøker om desse temaa, der han òg har vore oppteken av å bruka eit språk som gjev meining for folk i dag.

Inngongspengar: 100 kroner inkl. kaffi og enkel servering.

Det vert òg høve til spørsmål og ordskifte.