Kva er Russland?

Kva er Russland?

Arrangement

Russisk sjølvforståing etter 1991 – innanfor makteliten, samfunnsdebattantar og i den russisk-ortodokse kyrkja

Dato / tid
07.03.2019, 19:00 - 20:15


Torsdag 7. mars kl. 19.00 på Stord Folkebibliotek, Kulturhuset på Stord

Møtet er eit samarbeid mellom Stord kyrkjeakademi og Stord folkebibliotek

I forkant av dette møtet, kl. 18.30, vert det årsmøte i Stord kyrkjeakademi

 Fyrstebibliotekar Kåre Johan Mjør, Høgskulen på Vestlandet.

Russland har vore eit imperium i nesten 500 år. Det gamle russiske imperiet gjekk under i 1917, men oppstod snart i transformert form som Sovjetunionen. Men denne verdsmakta gjekk òg under, og i 1991 var Sovjetunionen historie, og verda fekk 15 nye statar. Ein av desse var Russland, eller Den russiske føderasjonen. Var dette Russland noko nytt eller var det berre eit nytt namn på ein gammal stat? Hardhendt overgang til kapitalisme av typisk nyliberal støyping har gjort at glansbiletet av Vesten har bleikna for mange, og har gjeve rom for mange ulike politiske og filosofiske retningar og orienteringar. Særleg i den siste tida har ein sette at Vladimir Putin har festa grepet og har ført landet i ein meir autoritær retning.

 

Korleis har Russland etter Sovjetunionens fall forhalde seg til seg sjølv og til det vi tradisjonelt har rekna som «russisk historie»: politisk, idéhistorisk og religiøst? Føredraget diskuterer ulike russiske sjølvbilde gjennom dei snart tre tiåra som er gått sidan det nye Russland oppstod – innanfor makteliten, hos samfunnsdebattantar og i den russisk-ortodokse kyrkja.

 

Inngongspengar: 100 kroner inkl. kaffi og enkel servering.

Det vert òg høve til spørsmål og ordskifte.