Lefsekveld med statsbudeia og lefsebakar Bodil Nordjore

Lefsekveld med statsbudeia og lefsebakar Bodil Nordjore

Arrangement

3/9-19, kl. 19.00

Dato / tid
03.09.2019, 19:00 - 21:00


Forfattaren av «Lefseboka» Bodil Nordjore kjem til biblioteket for å fortelja om lefser, norsk kulturhistorie og lefseboka si. Bodil Nordjore er den einaste i landet som kan kalla seg statsbudeia, ho fekk statstipend av Stortinget i 2015 for den viktige jobben ho gjer med å ta vare på mattradisjonane våre for ettertida. Du kan lesa meir om Bodil Nordjore her: http://kulturarv.no/bodil-nordjore-etterspurd-budeie-fra-telemark

Me skipar og til ein uformell konkurranse om kven som har den beste lefsa i Sunnhordaland. Meld deg som deltakar i kåringa til: guro.kh@live.com

Programmet ser slik ut:
19.00 – 20.00 Bodil Nordjore fortel om «Lefseboka» og hennar arbeide med å samla inn lefseoppskrifter og norsk kulturhistorie.
20.00 – 20.30 kaffi med noko attåt. Stord Bygdekvinnelag lagar noko godt til oss. Det blir og smaksprøvar av lefser. Juryen* og publikum smakar på lefsene som er leverte inn til konkurransen for å kåra ein vinnar av Sunnhordaland si beste lefsa.
20.30 – 21.00 Kåring av både publikumsprisen og juryen sin favoritt. Heider og æra til vinnarane. Takk for i kveld.

Inngangspengar:
100,- for medlemmer av Stord Bygdekvinnelag og Stord mållag.
150,- for andre.

Hendinga vert skipa til som eit samarbeid mellom Stord Bygdekvinnelag, Stord folkebibliotek og Stord mållag.

*Juryen består av Bodil Nordjore, ei frå Stord Bygdekvinnelag, ei frå Stord folkebibliotek og ei frå Stord mållag. Publikum stemmer fram publikumsprisen.