Lyrikk, bilete og musikk

Lyrikk, bilete og musikk

Arrangement

Dato / tid
21.11.2019, 19:00 - 20:00


Bill.: 50

Atle Bjørn Mæhle

Atle Bjørn Mæhle er 75 år. Han har skrive fleire bøker, både åleine og saman med andre. Først i 2018 og 2019 vart det kjent at han frå han var liten skreiv dikt og malte bilete til dikta. Dette gjennom bøkene «Minnebok frå barne- og ungdomstida mi» (2018) og «Dagane går» (2019).
Atle Bjørn Mæhle er frå Osterøy. Han tok utdanning i Bergen, var lærar i fem år i Øystese før han og familien flytta til Stord i 1972. Han arbeidde som høgskulelærar ved Stord lærarhøgskule, herunder rektor ved Statsøvingsskulen i fem år og leiar i Avdeling for Lærarutdanning i Norsk Lærarlag i 6 år. Frå 1991 arbeidde han i Stord kommune som skulesjef, oppvekstsjef og kommunalsjef.
Han har vore aktiv i fleire lag og organisasjonar på Stord.
Atle Bjørn Mæhle har med seg desse flotte folka:
Åge Vallestad syng tre songar som han har sett tone til, tidlegare rektor ved Stord kulturskule.
Omtale av dei som vil spela til opplesinga: Ei felles interesse for jazzens standardlåtar har ført saman nokre studentar og tilsette ved Høgskulen på Vestlandet til å starte eit band til utforsking av sjangeren. Til dagens arrangement stiller tre av sekstetten sine medlemmar. Eirik Sverdrup gitar, Kjetil Sømoe, trompet, og Lars M. Kvinge, bassgitar.
Tori Stokke Mæhle, lærar ved Tjødnalio skule
Emira Mæhle Lamo, elev ved Hystad skule.
Desse to har ansvar for power point-bilete som er fotografert av bilete som Atle Bjørn Mæhle har laga til mange av dikta sine. Biletet og diktet dei viser og han les høyrer då saman.