Mitt Liv - da livet snudde

Mitt Liv – da livet snudde

Arrangement

Liv Fevang er sjukepleiar og arbeider som erfaringskonsulent ved Universitetsjukehuset i Stavanger si fag og forskingsavdeling i Stavanger.

Dato / tid
02.10.2018, 19:00 - 20:30


Fevang fortel om brokkar i si eiga historie, inkludert å mista ein son, men det er ikkje ei framstilling av det vanskelege i detaljer. Det er heller ikkje ei utbrodering om traumar, sjølv om du anar sterkt det ligg noko under.

Ho har ei flott framstillingsevne og får på ein unik måte fram kva som har vore til hjelp undervegs, alt frå haldingar hjå helsepersonell til små ting i omgjevnadane, å få driva med ting, bli sett og møtt.

Tilhøyrarane kan ikkje unngå å bli rørt, men ho balanserer framstilling av smerte på ein slik måte at det er mogeleg å høyra om det i det offentlege rom.

Arrangørar Mental Helse Hordaland, Stord kommune og Helse Fonna