Havfruene som innfallsvinkel til sjøfartshistorien

Havfruene som innfallsvinkel til sjøfartshistorien

Arrangement

Norsk sjøfartshistorie sett frå familiene, kvinnene og barna sin ståstad.

Dato / tid
14.03.2019, 19:00 - 20:30


Torsdag 14. mars  kl. 19.00 har Bård Gram Økland (Foto: Spartacus forlag) eit foredrag med tittelen : «Havfruene som innfallsvinkel til  sjøfartshistorien». Arrangementet  er i hovudbiblioteket i Kulturhuset. Arrangør er Stord sogelag, i samarbeid med biblioteket.

I Noreg var nokre tusen kvinner organiserte i Norges havfrueforbund i 1960-åra. Det var m.a. lokallag på Bømlo. Havfrueforbundet ynskte å betre  stoda til sjømannsfamiliane ved å påverke  m.a. Storting, departement og rederinæringa. Historieskrivinga  har hatt  fokus m.a. på økonomisk  historie og skipsteknologi, og etter kvart også  på sjøfolk si historie. Bård Gram Økland tek for seg ukjente sider ved Noregs sjøfartshistorie.

Bård Gram Økland er konservator ved Bergen sjøfartsmuseum.

GRATIS