Norwegen, schönes Land.

Norwegen, schönes Land.

Arrangement

Tysk propaganda under 2. verdskrig - føredrag og film

Dato / tid
22.09.2020, 19:00 - 21:30


Frå 1940 og til maidagane i 1945 var tyske og austerrikske kunstnarar i uniform engasjerte til å laga teikningar, akvarellar og måleri med norske motiv.
Einar Økland kom i 2017 med boka «Norwegen, schönes land! Tyskprodusert fredspropaganda i krigens Norge, 1940-1945».

Reproduksjonane med norske motiv er ein nærast ukommentert sektor av tysk propagandaverksemd under andre verdskrigen. Trykksakene er med få unntak ikkje tilgjengelege i bibliotek, museum, galleri eller referanseverk. Svært få kjenner materialet, og forfattaren Einar Økland har den mest fullstendige og unike samlinga ein kjenner til. Han kjem til Stord folkebibliotek for å fortelja om det han kallar den tyske fredspropandaen, og opnar òg ei utstilling med nokre av trykksakene.

Etter føredraget vil Stord filmklubb syna ei anna side av tysk propaganda gjennom visninga av filmen «Kampf um Norwegen». Filmen om felttoget i Noreg i 1940 blei laga på oppdrag frå overkommandoen til Wehrmacht. Filmhistorikarar rekna filmen som tapt, heilt til filmen blei funne igjen over 65 år seinare. Les meir her: https://filmklubb.no/filmer/kampf-um-norwegen-2/

Billettpris: 50 kroner

Kjøp billett her:  stord.kulturhus.no/kulturprogram/

Avgrensa plassar. Utsolgt!

Arrangementet er støtta av Fritt Ord.