Kvar grad tel: ein kveld om klimaendringane

Kvar grad tel: ein kveld om klimaendringane

Arrangement

Ope arrangement i hovudbiblioteket torsdag 14. februar kl. 19.00

Dato / tid
14.02.2019, 19:00 - 20:30


Torsdag 14. februar kjem stordabu og direktør ved Bjerknessenteret ved Universitetet i Bergen, Tore Furevik, til Stord folkebibliotek for å halda eit føredrag om klimaendringar. Fylkessekretær i Naturvernforbundet og frontkvinne i opprøret mot monstermastene i Hardanger, Synnøve Kvamme, kjem også.

Jørgen Sandvik speler og syng. Han blei nettopp nominert til Spellemannsprisen for den første soloplata si, som fekk strålande mottaking.

Dette møtet blir arrangert av Naturvernforbundet, i samarbeid med Stord folkebibliotek og Framtida.no.

 

Foto: UiB, Naturvernforbundet og pressefoto