«Openheit, det står om livet!» Poesiføredrag om sjølvmordsførebygging

Arrangement

Dato / tid
26.09.2019, 19:00 - 20:30


Forfattar Tove Virata Bråthen vil ta deg med på ei reise i livet, gjennom krise og sorg, meistring og personleg vekst. Ho ga i haust ut boka «Fasettar av sorg» (Sjangerblanding mellom lyrikk og prosa), som handlar om korleis ho opplevde å miste broren i sjølvmord.

Bråthen er ein dyktig formidlar som speler på mange strenger. Med seg har ho pianist André Eide som speler piano til dikta. Det kjem til å bli ei flott kulturell oppleving samtidig som vi håpar å bidra til meir openheit og betre psykisk helse.

Arr: Helse Fonna, Stord kommune. Mental helse