Om potetfarten frå Sunnhordland

Arrangement

Dato / tid
20.02.2020, 19:00 - 20:00


Torsdag 20.2. kl. 19.00 vil Karvel Strømme ha eit kåseri i Stord folkebibliotek, Kulturhuset. Tittel på  kåseriet er «Poteten…ein trufast ven». Tema er korleis poteten har berga menneska gjennom harde naudsår. Men også om potetfarten  frå Sunnhordland til Bergen. Dette var m.a.ein viktig periode  i Fitjar si lokalhistorie  frå ca. 1850 og fram til ca. 1930.

Karvel Strømme er frå Fitjar. Han er tidlegare lærar , og vil for mange vere kjent som kåsør om lokalhistoriske emne og som reiseguide på turar til Island.

Det vert også vist ein film Potetfarten fra Fitjar til Bergen.Dette er ein NRK-film laget etter eit opplegg av Hans Kristian Bukholm.

Det er fritt tilgjenge til arrangementet.