Etter dei store forteljingane

Etter dei store forteljingane

Arrangement

Ei ny tid for Johannes Hegglands forfattarskap.

Dato / tid
17.09.2019, 19:00 - 20:30


Ottar Grepstad (Foto: Lars O Flydel)

J. Heggland (Foto: Løtvedt)

«Gjennom tusen vårar»

100 år med Johannes Heggland

I år er det 100 år sidan Johannes Heggland (1919 – 2008) vart fødd. Han var ein av Noregs største og mest produktive skjønlitterære etterkrigsforfattarar. Ikkje mindre enn om lag 75 romanar, barnebøker, drama og novellesamlingar kom frå hans hand, den fyrste i 1941, den siste i 2008. Ved sida av alt dette dreiv han heimegarden på Tysnes, var ordførar i to periodar, formann i Den norske forfatterforening, og hadde mange andre verv.

Johannes Heggland debuterte 1941 med romanen «Folk under fjell». Frå fyrste stund vart han lagt merke til. Alt i 1943 skreiv Nils Johan Rud denne karakteristikken i Magasinet for alle: «Han er en av de vi skal følge nøye med framover. Han er godt rustet med et vakkert språk, han kan fortelle så spennende at han holder hvem som helst fast, og han har en tydelig og usvikelig dikterevne: han kan gi kjøtt og blod og sinn i sine kvinneskikkelser». Og dette kan vel stå som ein karakteristikk over heile det store forfattarskapet hans.

Mangeårig kulturredaktør i Bergens Tidende Jan H. Landro beskriv han slik: «Alt tidleg dokumenterte Heggland stor psykologisk innleving, ikkje minst har han synt innsikt i og forståing for kvinnesinnet. Difor finn vi fleire sterke og flotte kvinneskapnader i forfattarskapen hans. Vestnorsk bygdeliv og sunnhordlandsk soge kjende han som knapt nokon, og med sin djupe kjennskap og diktarlege skaparevne har han reist eit varig monument over kvardagsheltar og kvardagsslitarar i landsdelen.»

Mange har hatt stor glede av dei historiske romanane, og sjølvsagt «Mostraspelet», men høgast nådde han nok som menneskeskildrar i romanane sine.

Foto: Kyrkjeakademiet

Johannes Heggland – slik vi gjerne hugsar han

Ottar Grepstad (f. 1953) er forfattar, og har gjeve ut ei lang rekkje bøker om ulike emne. Frå 1999 til han gjekk av med pensjon i 2018 var han direktør for Nynorsk kultursentrum, og har vore den fremste talsmannen for nynorsk i det offentlege Noreg. Han har òg vore redaksjonssjef i Det Norske Samlaget, redaktør for Syn og Segn, rådsmedlem i Norsk kulturråd og styreleiar i Språkrådet.

Eit av hovudverka han er «Det litterære skattkammer», som førte til at han fekk Norsk språkpris i 1999. I 2014 vart han heidersmedlem i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget, og i 2018 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden.

 

Det vert òg høve til spørsmål og ordskifte.

Medarr.: Kyrkjeakademiet.

Inngongspengar: 100 kroner inkl. kaffi og ei enkel servering.