Arrangementet er utsett grunna korona: Vestlandshus

Arrangementet er utsett grunna korona: Vestlandshus

Arrangement

våningshus frå Jæren til Sunnmøre

Dato / tid
19.01.2021, 19:00 - 20:30


 

Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth fortel og viser bilete om vestlandske våningshus med bakgrunn frå boka Vestlandshus – våningshus frå Jæren til Sunnmøre  som dei har laga saman. Eva vil snakka om lemstova, bustadhuset som i løpet av 1800-talet vart vanleg gardshus og landemerke på tuna her vest ilag med den raude løa. Dei to har reist frå Jæren til Sunnmøre på leit etter lemstover i ulike variantar. Desse bustadhusa er skattkister fulle av kunnskap om korleis folk før oss bygde og levde.

Boka gjev eit godt innblikk rundt temaet: Lemstovene forsvinn, mange vil riva hus som står til nedfalls. Andre tek vel vare på gamlehuset sitt og dei som treng meir plass, utvidar gjerne med eit nytt og moderne tilbygg.

Boka Vestlandshus – våningshus frå Jæren til Sunnmøre kom ut på Skald forlag i haust. No tek Røyrane og Apneseth nye reiser, til biblioteka denne gongen, for å fortelja om vestlandshusa og om reisa til lemstovene.

Bjørn Arve Lunde vil avslutta med eit innlegg om husa rundt i Sunnhordland som han har hatt noko med å gjere.

Tilskipinga er i samarbeid med Vestland fylkeskommune, Folkeakademiet Hordaland og Sunnhordland museum.

 

Billett: 100,-