Vinje, Hauge, Økland, Hurra! - Vise og lyrikk

Vinje, Hauge, Økland, Hurra! – Vise og lyrikk

Arrangement

Dato / tid
15.10.2019, 19:00 - 20:00


Foto: Magne Langåker

 
Prosjektet «Hauge, Vinje, Økland, Hurra!» er eit samarbeid mellom artist og musikar Cecilie Anna, forfattar Einar Økland, og redaktør i den nynorske nettavisa Framtida.no, Svein Olav Langåker.
 
Cecilie Anna har tonesett og syng dikt av dei tre nynorskingane, Einar Økland les eigne dikt, Svein Olav les Vinje og Hauge.
Materialet er strukturert etter tema (t.d Kjærleik, Dyr, Mor), og dei tre forfattarane blir slik presenterte side ved side i staden for i bolkar kvar for seg. Dette skapar ein dynamikk der det blir mogleg for likskapar og ulikskapar å tre fram på ein ny og spanande måte.
Forestillinga blir avrunda med ein samtale mellom Einar, Cecilie Anna og Svein Olav om desse tre sentrale nynorske lyrikarane, og om song, musikk og nynorsk meir generelt.
 
Cecilie Anna og Svein Olav gjennomførte første førestilling 31.mars Valestrand Kulturkyrkje til stor åtgaum frå publikum. Cecilie Anna har mellom anna laga ny tone til Vinje sin «Blåmann», noko som i følgje Einar Økland gjorde at dei hoppa litt i stolen. Her er det han seier om tonesetjingane til Cecilie Anna:  «Det er originalt og truverdig og storarta underhaldning. Så spesielt er ein del av det eg høyrer med henne at eg kan nesten ikkje namngje det. Det er sjølvsagt ikkje så ofte at ein og same person er vokalist, instrumentalist og komponist – og dertil også kan komponera til andre sine tekstar.»
 
For fire år sidan tonesette Cecilie Anna det første diktet av Einar Økland, som då var festivalforfattar på Falturiltu-festivalen.
Ho fortel: «Eg blei beden om å opna festivalutstillinga på Galleri Giga med illustrasjonar frå barnebøkene til Einar. På veggen fann eg det aller minste diktet, som eg også syntest var det finaste: «Eit lite ønskje før jul». Då eg tonesette det, kom delar av songen «Power of Love» (Jennifer Rush) sungen av Celine Dion inn i hovudet mitt, og slik let eg det vera: 50 prosent Cecilie Anna og 50 prosent Jennifer. Før eg skulle syngja på opninga, spurde eg Einar, som var  mellom publikum, om han hadde hatt Celine Dion i tankane då han skreiv diktet. Det kom eit tørt «nei» frå forfattaren. Sidan då har me vore vener».
 
Om utøvarane:
Cecilie Anna Rønhovde kjem frå Stord og har gjeve ut to engelsk-språklege plater med eigen musikk. Ho slepp ny plate 25. oktober i år.
 
Svein Olav Langåker kjøpte si første bok av Einar Økland som nittenåring og syng kvar kveld «Blåmann Blåmann» for dotter si.
Einar Økland fyller 80 år 17. januar 2020, og er ein av dei mest allsidige og originale forfattarane i norsk litteratur.
 
Startar kl 19:00
Kostar kr 100,-