Bibliofil: Familiemappa

Her kan du samla alle lån i familien

Innhald

Har du barn i familien og ønskjer å sjå/forlenga alle lån som er registrert i familien samstundes?

Sjå steg for steg korleis du får oversikt over alle lån i familien. Du må nytta Bibliofil-sidene eller appen.

Opprett familiemappa

Trinn 1

  1. Logg inn i Bibliofil med ”Brukernavn” til barnet (e-post/lånenummer). Lånenummer står under strekkoden på kortet. Spør barnet om ”Pin/passord” om denne er ukjent.
  2. Klikk på «Min side« og fanen ”Familiemappa”.
  3. I feltet ”Gi tillatelse til å se mine lån” skriver du inn barnet sitt lånenummer. Klikk på ”Send tillatelse”.
  4. Logg ut av barnets ”Min side”.

 

Trinn 2

  1. Føresette må så logga seg inn på si ”Min side” med e-post/lånenummer og ”Pin/passord
  2. Klikk «Min side«, så ”Familiemappa”: ”Lånere jeg har tilgang til” . Her vil navnet på barnet ditt stå.
  3. Klikk deretter «Slå på«.
  4. Under fanekort ”Lån” vil du no ha full oversikt over dine eigne og barnet sine lån. Gjenta stegene om du ønskjer å leggja til fleire barn i ”Min side” for familien.

Personvern

Av omsyn til barna si rett til privatliv (jf. FNs barnekonvensjon og Barneloven) vil me oppmoda føresette å slå av funksjonen når barnet er eldre enn 12 år.

Få barna sitt kort opp i eiga app

Når du har lagt til barna i Familiemappa, kan du henta lånekortet/lånekorta i Bibliofil-appen. Du finn strekkodane under pila ved namnet ditt heilt oppe til høgre. Trykk så på ”Vis lånekort for Lånere i min familiemappe”.