Lånekort og utlånsreglar

Utlånsreglar for Stord folkebibliotek og Fitjar folkebibliotek

1. Lånerett
Det er gratis å låna. Alle som har gyldig lånekort har rett til å låna ved biblioteka.

2. Lånekort
Alle som har fylt 6 år kan få eige lånekort. Lånarar under 15 år må ha kausjon frå føresette for å få lånekort. Det er den føresette som er ansvarleg for låna. Kom innom biblioteket når du skal ha lånekort.

Biblioteka krev legitimasjon med bilete når lånekortet vert skrive ut. Er du over 15 år kan du få lånekort som kan brukast i dei fleste norske bibliotek(Nasjonalt lånekort).

Lånaren skal ha med lånekortet ved lån, og er ansvarleg for å melda adresseendring og endring av annan kontaktinformasjon, som epostadresse og telefonnummer.

Ved tap av lånekort må lånaren betala kr. 10,- for å få nytt lånekort. Lånaren er ansvarleg for alle lån på eige lånekort.

Du kan lasta ned appen Bibliofil på mobilen(nettbrett) og der ligg lånekortet i appen. Dette er gratis og lettare å hugse kortet når du skal låna på biblioteket. Du kan også låna på sjølvbetjent, utsetja lån, tinga bøker og knyta lånekorta til familien til din app.

3. Lånetid og innlevering

Bøker og lydbøker: 4 veker

Tidsskrift: 2 veker

Språkkurs: 6 veker

Film: 2 veke

Dataspel: 2 veker

Det er høve til å fornya lånet inntil 2 gonger på bøker som ikkje er reservert av andre. Språkkurs kan fornyast 1 gong. Lånte media kan leverast ved begge biblioteka.

4. Reservering
Lånaren kan reservera utlånte media, og biblioteka gjev melding når desse kan hentast. Hentefrist er 7 dagar. Biblioteka låner gratis inn media frå andre bibliotek.

5. Varsel/Purringar
Biblioteka sender ut innkallingar på media som ikkje er levert til rett tid.
Vaksne må betala ved 1. gongs purring kr. 35,- og kr. 70 ved 2.gongs purring. Barn betaler ikkje ved 1. gongs purring. Ved 2. gongs purring er beløpet kr. 20,-.

Lånaren må betala vederlag for tapte eller skadde media etter biblioteka si verdsetjing.

6. Film
Utlån av film følgjer gjeldande aldersgrense sett av Medietilsynet.