Notesamling for kor

Notesamlinga som Stord folkebibliotek har fått av Stord-koret har nærmare 600 titlar med trykte noter, fyrsteutgåver og originalmanuskript.

Notesamlinga har eksemplar på norske og utanlandske musikktrykk i de fleste genrar, frå alle periodar. Større verk som «Juleoratoriet» av Johan Sebastian Bach og «Requiem» av Wolfgang Amadeus Mozart. Handskrivne noter som arrangement med folketonar som tidlegare organist Otto Bakke har laga. «Herlege Stordøy» og Emil Moes «Fitjar-tango» er også tilgjengeleg.

Samlinga har vore i Stord-koret sitt eie.

Roald Sangolt som har vore dirigent for koret har på fritida si gått gjennom og registrert samlinga og registrert den i biblioteket sitt system. No kan du søkje etter songar på lik linje som du søkjer etter bøker. Du kan også tinga notane på same måte du tingar bøker.

Me takkar Stord-koret for notesamlinga me har motteke som gåve. Ikkje minst takkar me Roald Sangolt for dugnadsarbeidet han har gjort med samlinga.

Søk her: Stord folkebibliotek