Bibliofil: Digitale aviser og blad heilt gratis(PressReader)

No kan du nytte tenesta PressReader heimefrå om du loggar deg inn via "Søk i samlinga vår eller "Sjå mine lån" på nettsida til Stord folkebibliotek eller Bibliofil-appen. Tenesta gjev deg tilgong til nye digitale aviser og magasin i komplett digital utgåve.

PressReader er ei teneste som gjev tilgong til over 7300 aviser og magasin frå meir enn 125 land på 60 ulike språk.

Er du hekta på eller skremd av amerikansk politikk? Her finn du gode kilder til nyheiter. Du kan sikkert også finne «fake news» om det er det du vil ha …

Har du ein hobby? PressReader har magasin om foto, hage, helse, historie, mat, teknologi, vitskap og mykje, mykje meir.

Vil du lære eit nytt språk? Her finn du massevis av aviser og magasin du kan lese.

Saknar du lesestoff på morsmålet ditt? Det vil overraske oss om du ikkje finn noko av interesse i PressReader.

Slik går du fram:

Gå på «Søk i samlinga vår:» eller «Sjå mine lån:» frå biblioteket si nettside eller biblioiofil-appen.

 

Logg inn med lånenummer og pinkode/passord. Du finn Pressreader under Digitale tenester.

Trykk på PressReader:

 

Då har du tilgang til aviser og tidsskrift.

Rettleiing

Her kan du laste ned ei brukarrettleiing (pdf)

Her finn du ei enkel brukarrettleiing på fleire språk

Her finn du filmar med rettleiing på engelsk