Filmoteket-symbol

Filmoteket

Tilgang
Både heimefrå og på biblioteket
Med Filmoteket kan du strøyme filmar og seriar på nett.

For å bruke tenesten må du ha eit nasjonalt lånekort. Har du ikkje nasjonalt lånekort? Ta kontakt med biblioteket så kan vi hjelpe deg!

  • På Filmoteket kan du strøyme spelefilmar, dokumentarar, kortfilmar og seriar.

  • Det du lånar er tilgjengeleg for deg i 48 timar.

  • Du har opptil 3 lån per månad.

 

Registrere ny brukar

  • For å registrere ny brukar går du inn på www.filmoteket.no/Register. Fyll inn lånekortnummer og PIN-kode. Når du registrerer deg vil du få tilsendt ein e-post frå Filmoteket for å bekrefte kontoen din.
     
  • Brukarnamnet ditt er lånekortnummeret ditt, eller e-post dersom du har knytt den opp mot lånekortet ditt.
     
  • Passord er ei 4-sifra PIN-kode, eller eit passord du har laga sjølv som er knytt til lånekortet ditt. Har du ikkje PIN-kode? Ta kontakt med biblioteket så ordnar vi det. 

 

Du kan gå inn på Filmoteket si nettside for meir infomasjon: www.filmoteket.no/info 

Du kan logge inn på Filmoteket her: www.filmoteket.no/Account/Login

Stikkord