Barnehagebiblioteket
Barnehagebiblioteket frå Stord folkebibliotek er ei ordning der barnehagen kan få ei kasse bøker til kvar avdeling levert av biblioteket kvar tredje månad.
Me både leverer og hentar. Bøkene er utstyrt med eit nummer, og foreldra kan difor låna frå kassene ved å notera nummeret på boka og barnet sitt namn på ein plakat.
Ved levering stryk ein berre over nummeret igjen og legg boka attende i kassa.
Pr. januar 2022 har me to barnehagar med i denne ordninga, men me vil i løpet av året gå ut til fleire barnehagar og tilby barnehagebiblioteket.
Vil barnehagen din gjerne vera med, er det berre å ta kontakt med oss på biblioteket.
Bøkene kjem i kasser av 25 bøker til avdelingar for dei eldste barna, og 20 bøker for avdelingar med yngre barn. Bøkene er plukka ut av barne- og ungdomsbibliotekaren vår.