Frøbibliotek

Har du samla inn frø, eller har frø til overs? Lever dei gjerne til biblioteket så andre kan få glede av dei!

Stord hagelag og Stord folkebibliotek har inngått eit samarbeid om frøbibliotek, men for at frøbiblioteket skal bli så bra som mulig treng me fleire frø! Legg frø du vil gi til biblioteket i luftige poser, gjerne eit kaffefilter, og skriv på namn og eventuelt blomsterfarge. Lever det på biblioteket og me vil leggja frøa i samlinga og gjere dei klare til utlån, slik at andre kan få gleda av dine frø til neste år.

Korleis fungerer frøbiblioteket?

  1. Lån med deg frø frå biblioteket heim
  2. Så frøet
  3. Samle inn nye frø hausten etter
  4. Gi dei nye frøa tilbake til biblioteket

Frø