Sjølvbetjening
Alle lånarar over 18 år kan få tilgang til biblioteket med lånekort når det er ubetjent. Kom innom biblioteket, så hjelper me deg til å få tilgang til sjølvbetent bibliotek.
Tilgang til biblioteket med lånekort er alle kvardagar frå 09:00 - 20:00, laurdag 15:00 - 16:30 og søndag 15:00 - 20:00.
For å kunne bruka biblioteket når det er ubetjent, må du underteikne ein kontrakt med biblioteket. Samstundes får du ei pinkode til bruk ved dørlåsen. Kontrakt kan du underteikne i biblioteket si opningstid, og i kiosken i kulturhuset når biblioteket er stengt. Hugs å ta med lånekortet anten fysisk eller på Bibliofil-appen.
Når biblioteket er meirope må du bruka den sjølvbetjente utlån- og innleveringsautomaten. Tinga media hentar du i ei hylle til høgre når du kjem inn i biblioteket. Tinga materiale må du registrera i utlånsautomaten før du går ut. Er bøkene tinga hos andre bibliotek enn Stord, Fitjar og Tysnes, må du henta dei i opningstida når me har personale tilstades.