Lånekort og lånereglar

Det er gratis å låne på biblioteket!

Lånekort

Me krev legitimasjon når lånekort vert skrive ut. Du må ha med lånekortet ved lån.

Du kan laga deg lånekort på nett ved å klikka deg inn her:  https://stord.bib.no/cgi-bin/m2?mode=login. Ver merksam på at ved å laga lånekort på nett, blir du berre lokal lånar ved Stord folkebibliotek.

Nasjonalt lånekort kan brukast i alle bibliotek i Noreg. Møt opp i betjent opetid på bibioteket for å få nasjonalt lånekort.

Du kan endra kontaktopplysningane dine på MI SIDE

Lånekortet finst digitalt i appen BIBLIOFIL.

Last ned BIBLIOFIL i Google Play         
Last ned BIBLIOFIL i App Store

6 år
Du kan få eige lånekort.

15 år
Du kan få nasjonalt lånekort.

Film
Utlån av film følgjer gjeldande aldersgrense sett av Medietilsynet.
 

Lånetid og innlevering

Bøker og lydbøker: 4 veker
Tidsskrift: 2 veker
Språkkurs: 6 veker
Film: 2 veke
Dataspel: 2 veker

Du kan levera i alle bilbliotek i Noreg.

Reservering

Du kan reservera utlånte media og få melding når desse kan hentast. Du kan hente reservert media når det er ubetjent. Lånet kan fornyast to gonger når det ikkje er reservert av andre.

Varsel

Du kan spørja biblioteket om å senda deg ein SMS tre dagar før bøkene dine forfallar. SMS'en er gratis.

Purring

Biblioteket sendar ut purring på media som ikkje er levert i rett tid.

     Vaksne
      
1. gongs purring kr. 35,-
      2. gongs purring kr. 70,-

     Barn
      
1. gongs purring kr. 0,-
      2. gongs purring kr. 20,-

Ved ikkje levert media etter 2. gongs purring, vil det genererast erstatningskrav.

Tilgang til biblioteket med lånekort når personalet ikkje er til stades

Gjeld tilgang til hovudbiblioteket utanom betjent opningstid for brukarar over 18 år. For å få tilgang til biblioteket når personalet ikkje er til stades, må du skriva under på ei kontrakt. Ta kontakt med personalet om du er interessert.