Vi tilbyr

Stord folkebibliotek ønskjer deg velkomen i biblioteket!

Stord folkebiblitek har eit oppdatert boktilbod til brukarane våre. Vi skaffar deg alt vi kan få tak i både i eige samling og frå andre bibliotek.

Vi har mange digitale tenester du kan nytta deg av om du har lånerett hos oss.

Barn og unge er eit satsingsområde for oss, så du finn eit godt utval av tilbod til denne gruppa.

Om du treng hjelp til å fortstå offentlege nettsider og korleis ein brukar dei, kan du be oss om hjelp. Vi tilrår: http://www.norge.no

Vi har utskriftsløysing som du både kan bruka heimefrå og på biblioteket. Sjekk ut: https://www.youtube.com/watch?v=2ZPxsNttAIk

I menyen til venstre finn du ei oversikt over kva vi i Stord folkebibliotek tilbyr til forskjellige aldersgrupper. Her finn du og lånereglar og kontaktinformasjon til tilsette i Stord folkebibliotek.